SPAR Jølstraholmen i vekst – vi søker fleire butikkmedarbeidarar 80-100%
I SPAR Jølstraholmen er vi opptekne av god kundeservice og høg kvalitet i alle ledd. På grunn av sterk vekst i omsetninga søkjer vi no fleire dyktige og engasjerte butikkmedarbeidarar som ønskjer å vere med og vidareutvikle butikken vår.
Som butikkmedarbeidar hos oss får du ein variert og spennande arbeidskvardag, der du bidreg til ei positiv handleoppleving for kundane våre – kvar dag.
Arbeidsoppgåver:
Varepåfylling og vareeksponering
Kassearbeid og kundebehandling
Låseansvar på utvalde vakter
Bidra til orden, reinhald og god drift i butikken
Anna førefallande butikkarbeid
Vi ser etter deg som er serviceinnstilt, påliteleg og trivst i eit aktivt arbeidsmiljø. Du likar å ta ansvar og samarbeider godt med kollegaene dine for å skape den beste lokale handleopplevinga.